8 Då Abner høyrde det Isjbosjet sa, vart han brennande harm og sa: «Er eg berre eit hundehovud som held med Juda? Den dag i dag viser eg truskap mot ætta åt Saul, far din, mot frendane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap for denne kvinna skuld!
9 Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer det for David som Herren har lova han.
10 Eg vil ta kongedømet frå Sauls-ætta og reisa Davids kongsstol både over Israel og Juda, frå Dan til Be’er-Sjeba.»
11 Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner.
12 Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.»
13 David svara: «Godt, eg vil gjera pakt med deg. Berre ein ting krev eg av deg: At du ikkje kjem for augo mine utan at du har med deg Mikal Saulsdotter.»
14 Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.»