1 Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel var avskræmt.
2 No hadde Sauls-sonen to menn som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba’ana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Be’erot og høyrde Benjamins-ætta til. For Be’erot vart òg rekna til Benjamin.
3 Men folket i Be’erot hadde rømt til Gittajim, der dei har butt til denne dag.
4 Jonatan, son til Saul, hadde ein son som var lam i føtene. Han var fem år gamal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisre’el. Fostermora tok han med seg og rømde; men då ho skunda seg av stad, datt han ned og vart lam. Han heitte Mefibosjet.
5 Sønene til Rimmon frå Be’erot, Rekab og Ba’ana, tok ut og kom til huset åt Isjbosjet midt på heitaste dagen, medan han låg og kvilte middag.