2 No hadde Sauls-sonen to menn som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba’ana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Be’erot og høyrde Benjamins-ætta til. For Be’erot vart òg rekna til Benjamin.
3 Men folket i Be’erot hadde rømt til Gittajim, der dei har butt til denne dag.
4 Jonatan, son til Saul, hadde ein son som var lam i føtene. Han var fem år gamal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisre’el. Fostermora tok han med seg og rømde; men då ho skunda seg av stad, datt han ned og vart lam. Han heitte Mefibosjet.
5 Sønene til Rimmon frå Be’erot, Rekab og Ba’ana, tok ut og kom til huset åt Isjbosjet midt på heitaste dagen, medan han låg og kvilte middag.
6 Den kvinna som vakta huset, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde vorte trøytt og sovna, så Rekab og Ba’ana, bror hans, slapp usedde framom.
7 Dei kom inn i huset medan han låg på senga i soveromet sitt, slo han i hel og hogg hovudet av han. Det tok dei med seg, og så gjekk dei heile natta gjennom Jordan-dalen.
8 Dei kom til David i Hebron med hovudet åt Isjbosjet og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet åt Isjbosjet, son til Saul, han som var fienden din og stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og ætta hans, herre konge.»