5 Sønene til Rimmon frå Be’erot, Rekab og Ba’ana, tok ut og kom til huset åt Isjbosjet midt på heitaste dagen, medan han låg og kvilte middag.
6 Den kvinna som vakta huset, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde vorte trøytt og sovna, så Rekab og Ba’ana, bror hans, slapp usedde framom.
7 Dei kom inn i huset medan han låg på senga i soveromet sitt, slo han i hel og hogg hovudet av han. Det tok dei med seg, og så gjekk dei heile natta gjennom Jordan-dalen.
8 Dei kom til David i Hebron med hovudet åt Isjbosjet og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet åt Isjbosjet, son til Saul, han som var fienden din og stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og ætta hans, herre konge.»
9 Men David svara Rekab og Ba’ana, bror hans, sønene til Rimmon frå Be’erot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:
10 Den mannen som kom til meg med melding om at Saul var død, meinte sjølv at han kom med gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag; det var den løna eg gav han for gledebodet.
11 Og no, når ugjerningsmenn har drepe ein rettvis mann i hans eige hus og hans eiga seng, skulle eg ikkje då krevja dykk til rekneskap for hans død og rydja dykk ut or landet?»