1 Sidan kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.
2 Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3 Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron, og kong David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Så salva dei David til konge over Israel.
4 David var tretti år gamal då han vart konge, og han styrte i førti år.
5 I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
6 Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Jamvel blinde og lame kan driva deg bort.» Med det meinte dei at der kom David aldri inn.
7 Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.