12 David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
13 Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg endå fleire fylgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk fleire søner og døtrer.
14 Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
15 Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia,
16 Elisjama, Eljada og Elifelet.
17 Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga.
18 Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.