17 Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga.
18 Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
19 Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Herren svara David: «Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.»
20 Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.
21 Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.
22 Men filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
23 Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea!