6 Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Jamvel blinde og lame kan driva deg bort.» Med det meinte dei at der kom David aldri inn.
7 Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.
8 Den dagen sa David: «Kvar den som feller ein jebusitt – desse lame og blinde, som hatar David – og går opp gjennom vassberarsjakta, han skal vera hovding og førar.» Difor heiter det: «Ein blind eller lam får ikkje koma inn i templet.»
9 David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen. Han bygde rundt ikring, frå Millo og utover.
10 Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.
11 Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømmermenn og steinhoggarar; dei bygde eit hus åt David.
12 David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.