1 Endå ein gong samla David alt det utvalde mannskapet i Israel, tretti tusen mann.
2 Han og alle mennene som var med han, tok ut og fór til Ba’ala i Juda. Der ville dei henta Guds paktkiste, som ber namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane.
3 Dei sette kista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus, som låg på haugen. Ussa og Akjo, sønene til Abinadab, køyrde den nye vogna.
4 Såleis førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på haugen. Sjølve fylgde dei med, og Akjo gjekk føre kista.
5 David og heile Israels-folket dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, bjøller og cymblar.
6 Men då dei kom til treskjevollen åt Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste, fordi oksane var ustyrlege.
7 Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på flekken fordi han hadde misfare seg, og han døydde der attmed Guds paktkiste.