10 Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.
11 Der vart ho ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile huslyden hans.
12 Då kong David fekk høyra at Herren hadde velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det han åtte, for paktkista skuld, drog han av stad og henta Guds paktkiste frå huset åt Obed-Edom. Han førte henne opp til Davids-byen med stor glede.
13 Då dei som bar paktkista, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv.
14 David dansa av all kraft for Herrens åsyn. Han var kledd i presteklede av lin.
15 Såleis førte David og heile Israels-folket Herrens paktkiste opp med jubelrop og hornlåt.
16 Men då kista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal Saulsdotter ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvørde han.