14 David dansa av all kraft for Herrens åsyn. Han var kledd i presteklede av lin.
15 Såleis førte David og heile Israels-folket Herrens paktkiste opp med jubelrop og hornlåt.
16 Men då kista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal Saulsdotter ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvørde han.
17 Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist åt henne, og David bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.
18 Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i namnet åt Herren, Allhærs Gud.
19 Så delte han ut ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, som var samla frå heile Israel.
20 Då David kom heim att og ville helsa på huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut mot han og sa: «Kor ærefullt Israels konge bar seg åt i dag, då han synte seg naken for augo på tenestjentene åt mennene sine, som lauslyndt folk har for vis!»