16 Men då kista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal Saulsdotter ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvørde han.
17 Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist åt henne, og David bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.
18 Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i namnet åt Herren, Allhærs Gud.
19 Så delte han ut ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, som var samla frå heile Israel.
20 Då David kom heim att og ville helsa på huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut mot han og sa: «Kor ærefullt Israels konge bar seg åt i dag, då han synte seg naken for augo på tenestjentene åt mennene sine, som lauslyndt folk har for vis!»
21 David svara Mikal: «Det var for Herrens åsyn eg dansa, for han som valde meg ut framom far din og heile hans ætt og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel. For Herrens åsyn vil eg dansa
22 jamvel om eg gjer meg endå ringare enn eg no har gjort, og vert endå mindre vørd av deg. Men hjå desse tenestjentene som du talar om, hjå dei skal eg vinna ære.»