4 Såleis førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på haugen. Sjølve fylgde dei med, og Akjo gjekk føre kista.
5 David og heile Israels-folket dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, bjøller og cymblar.
6 Men då dei kom til treskjevollen åt Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste, fordi oksane var ustyrlege.
7 Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på flekken fordi han hadde misfare seg, og han døydde der attmed Guds paktkiste.
8 David var oppøst fordi Herren hadde slege Ussa ned. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.
9 Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna hysa Herrens paktkiste?»
10 Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.