1 Ein dag kongen sat i huset sitt, etter at Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt ikring,
2 sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.»
3 Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Herren er med deg!»
4 Men same natta kom Herrens ord til Natan, og det lydde så:
5 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i?
6 Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad.