12 Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.
13 Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.
14 Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag.
15 Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.
16 Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.
17 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
18 Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: «Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg til denne dag?