17 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
18 Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: «Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg til denne dag?
19 Og endå var dette for lite for deg, Herre Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud.
20 Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud.
21 For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.
22 Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.
23 Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt, eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Du skapte deg eit namn då du gjorde storverk for dei og under for landet ditt, for folket ditt, som du fria ut or Egypt, frå folka og gudane deira.