5 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i?
6 Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad.
7 Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar som eg sette til å vakta Israel, folket mitt: «Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?»
8 Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.
9 Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.
10 Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir; valdsmenn skal ikkje plaga dei som i gamle dagar.
11 Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men deg har eg gjeve fred for alle fiendane dine. Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg.