1 Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok herredømet frå dei.
2 David vann over moabittane òg. Så baud han dei leggja seg ned på jorda og mælte dei med ei snor. Han mælte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Då gav moabittane seg under David og laut svara skatt.
3 Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba, då han drog ut og ville vinna att herredømet over landet ved Eufrat.
4 David tok frå han eitt tusen sju hundre hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre.
5 Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.
6 David la vaktmannskap i Damaskus-riket; aramearane gav seg under han og laut svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7 David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.