10 sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på David og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden med Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og kopar.
11 Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka han hadde lagt under seg,
12 frå aramearane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13 David vann seg eit stort namn. Då han var på heimveg etter sigeren over aramearane, slo han edomittane i Saltdalen; dei var atten tusen mann.
14 Han la vaktmannskap i Edom; i heile Edom la han vaktmannskap. Og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15 Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
16 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.