11 Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka han hadde lagt under seg,
12 frå aramearane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13 David vann seg eit stort namn. Då han var på heimveg etter sigeren over aramearane, slo han edomittane i Saltdalen; dei var atten tusen mann.
14 Han la vaktmannskap i Edom; i heile Edom la han vaktmannskap. Og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15 Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
16 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.
17 Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar.