3 Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba, då han drog ut og ville vinna att herredømet over landet ved Eufrat.
4 David tok frå han eitt tusen sju hundre hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre.
5 Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.
6 David la vaktmannskap i Damaskus-riket; aramearane gav seg under han og laut svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7 David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8 Og frå Betak og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med kopar.
9 Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,