1 Ein gong spurde David: «Tru det enno er nokon att av Sauls-ætta? Då vil eg gjera vel mot han for Jonatans skuld.»
2 No hadde Sauls-ætta ein tenestmann som heitte Siba. Han vart kalla fram for David, og kongen spurde han: «Er du Siba?» Han svara: «Ja, herre konge.»
3 Då sa kongen: «Er det enno einkvan att av Sauls-ætta, så eg kan få gjort vel mot han i Guds namn?» Siba svara: «Det er att ein son til Jonatan, ein som er lam i føtene.»
4 «Kvar er han?» spurde kongen. Siba svara: «Han er hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.»
5 Då sende kong David bod og henta han heime hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.
6 Då Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, kom inn til David, kasta han seg ned med andletet mot jorda. Og David sa: «Mefibosjet!» Han svara: «Ja, herre.»
7 David sa til han: «Ver ikkje redd! Eg vil gjera vel mot deg for skuld Jonatan, far din. Du skal få att all jordeigedomen som Saul, farfar din, hadde. Og du skal alltid eta ved mitt bord.»