Amos 1 N11NN

1 Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

Dom over grannefolka

2 Han sa: Herren brøler frå Sion,frå Jerusalem ljomar røysta hans.Beitemarkene til gjetarane skal sørgja,Karmels topp skal tørka.

3 Så seier Herren:Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei treskte Gilead med jerntaggar.

4 Eg sender eld mot Hasaels hus,han skal øyda Ben-Hadads borger.

5 Eg bryt sund portbommen i Damaskus,ryddar ut han som tronar i Aven-dalen,og han som ber septer i Bet-Eden.Folket i Aram skal i eksil til Kir,seier Herren.

6 Så seier Herren:Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.

7 Eg sender eld mot muren kring Gaza,han skal øyda borgene hennar.

8 Eg ryddar ut han som tronar i Asjdod,og han som ber septer i Asjkalon.Eg lyfter handa mot Ekron,og resten av filistrane skal gå til grunne,seier Herren Gud.

9 Så seier Herren:Tre ugjerningar av Tyros, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei gav over til Edom alle som dei dreiv i eksil,dei kom ikkje pakta mellom brør i hug.

10 Eg sender eld mot muren kring Tyros,han skal øyda borgene der.

11 Så seier Herren:Tre ugjerningar av Edom, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei jaga brørne sine med sverd,dei viste inga miskunn.Dei heldt alltid fast på sin harme,vreiden vakta dei i det endelause.

12 Eg sender eld mot Teman,han skal øyda borgene i Bosra.

13 Så seier Herren:Tre ugjerningar av ammonittane, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei skar opp gravide i Gileadog utvida grensene sine.

14 Eg set fyr på muren kring Rabba,eld skal øyda borgene derunder kampropa på stridens dag,i stormen på uvêrsdagen.

15 Då skal kongen deira gå i eksilsaman med stormennene,seier Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9