Amos 7 N11NN

Syn om Israels undergang

1 Dette viste Herren Gud meg:Sjå, han skapte grashopperdå graset tok til å veksa etter slåtten.Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.

2 Då dei hadde ete opp alt graset i landet,sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!Korleis kan Jakob stå seg,så liten som han er?»

3 Då angra Herren på dette.«Det skal ikkje skje», sa Herren.

4 Dette viste Herren Gud meg:Sjå, Herren Gud kalla elden til strid.Han slukte det store djupetog heldt på å eta opp åkrane.

5 Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud!Korleis kan Jakob stå seg,så liten som han er?»

6 Då angra Herren på dette.«Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.

7 Dette viste han meg:Sjå, Herren stod på ein loddrett mur,i handa hadde han eit blylodd.

8 Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9 Isaks offerhaugar skal øydastog Israels heilagdomar siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»

Amos blir bortvist frå Betel

10 Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.

11 For Amos seier:«Jeroboam skal døy for sverd,og Israel skal drivast i eksil,bort frå landet sitt.»

12 Sidan sa Amasja til Amos:Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda!Der kan du eta ditt brød,der kan du profetera.

13 I Betel får du ikkje lenger profetera,for det er ein kongeleg heilagdom,eit rikstempel.

14 Då tok Amos til ords og sa til Amasja:Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein.Eg held husdyr og dyrkar fiken.

15 Men Herren tok meg bort frå saueflokken,og Herren sa til meg:«Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»

16 Høyr no Herrens ord:Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel,ikkje spå mot Isaks hus!»

17 Difor seier Herren:«Kona di skal vera hore i byen,sønene og døtrene dine skal falla for sverd.Jorda di skal delast med målesnor,du sjølv skal døy på urein jord,og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9