Amos 9 N11NN

Ingen skal sleppa Guds straff

1 Eg såg Herren stå på altaret.Han sa: Slå til søylehovudaså dørstokkane skjelv,knus dei så dei felli hovudet på dei alle!Dei som måtte bli att, vil eg drepa med sverd.Ingen av dei skal kunna rømma,ingen skal berga seg.

2 Om dei grev seg ned i dødsriket,skal handa mi henta dei opp.Om dei stig opp til himmelen,skal eg støyta dei ned.

3 Om dei gøymer seg på Karmels topp,skal eg finna dei og henta dei ned.Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn,byd eg ormen bita dei.

4 Om dei må gå som fangar framfor fiendane sine,byd eg sverdet drepa dei.Eg retter auga mot deitil det vonde og ikkje til det gode.

5 Herren, allhærs Gud,rører ved jorda, og ho skjelv.Alle som bur der, sørgjer.Heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.

6 Han som har bygd sine høge salar i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.

Straff og reinsing

7 For meg, israelittar, er de som kusjittane,seier Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistrane frå Kaftorog aramearane frå Kir.

8 Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:No vil eg sletta det ut frå jorda.Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,seier Herren.

9 For sjå, eg gjev påbod,og eg rister Israels hus mellom alle folkeslagasom når ein rister i ei siktog ikkje eit sandkorn fell til jorda.

10 For sverdet skal dei døy,alle syndarane i folket mitt,dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,det råkar ikkje oss.»

Israel blir gjenreist

11 Den dagen reiser eg opp attDavids falne hytte.Rivnene murar eg att,og det som ligg i røys, reiser eg opp att.Eg byggjer henne som i gamle dagar,

12 så dei kan ta resten av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom namnet mitt er nemnt over,seier Herren, som gjer dette.

13 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då den som pløyer, tek att den som haustar,og den som trakkar druer, tek att den som sår.Druesaft skal drypa frå fjellaog fløyma frå alle høgder.

14 Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt.Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei.Dei skal planta vinmarker og drikka vinen.Dei skal stella til hagar og eta frukta.

15 Eg plantar dei i deira eiga jord,aldri meir skal dei rykkjast oppav den jorda eg har gjeve dei,seier Herren din Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9