Amos 6 N11NN

Ve dei sorglause på Sion

1 Ve dei sorglause på Sionog dei trygge på Samarias fjell,dei gjævaste av det fremste folkeslaget,dei som Israels hus vender seg til.

2 Far til Kalne og sjå,gå derifrå til Hamat-Rabbaog far ned til Gat i Filistarland!Er de betre enn desse rika?Har dei eit større område enn de?

3 De vil jaga ulukkedagen bort,men set vald i høgsetet.

4 Dei ligg på elfenbeinsbenkerog strekkjer seg på divanar,dei et lam frå saueflokkenog gjøkalvar frå buskapen.

5 Dei skrålar til harpespelsom var dei David,og reknar instrumenta hans som sine.

6 Dei drikk vin av offerskålerog salvar seg med den finaste olje,men lid ikkje under Josefs samanbrot.

7 Difor skal dei no drivast i eksil,fremst mellom dei bortførte.Då blir det slutt på festsamlinganeder dei ligg og dreg seg.

Gud straffar Samaria

8 Herren Gud har svore ved seg sjølv,seier Herren, allhærs Gud:Eg avskyr Jakobs byrgskapog hatar borgene der.Eg utleverer byen og alt som er i han.

9 Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.

10 Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset,spør han den som er inst i huset:«Er det fleire att hos deg?»Og han svarar: «Nei, ingen.»Då seier han: «Hysj!»for Herrens namn må ikkje nemnast.

11 Sjå, Herren byd,og han slår det store huset i knasog det vesle huset i bitar.

12 Spring vel hestar opp bratte fjellet,pløyer ein det med oksar?Men de gjer retten om til giftog rettferds frukt til malurt.

13 De gleder dykk over Lo-Dabar og seier:«Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»

14 Sjå, no reiser eg eit folkmot deg, Israels hus,seier Herren, allhærs Gud.Dei skal undertrykkja dykkfrå Lebo-Hamat til Araba-bekken.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9