Amos 5 N11NN

Likklage over Israel

1 Høyr dette ordet, Israels hus,ei likklage som eg stemmer i om dykk.

2 Ho er fallen, ho reiser seg aldri meir,jomfru Israel.Ho ligg forlaten på eiga jord,ingen reiser henne opp.

3 For så seier Herren Gud:Den byen som dreg ut med tusen mann,får hundre att,og den som dreg ut med hundre,får ti atti Israels hus.

Søk Herren, så skal de leva

4 For så seier Herren til Israels hus:Søk meg, så skal de leva!

5 Søk ikkje til Betel,gå ikkje til Gilgal,far ikkje til Beer-Sjeba.For Gilgal skal drivast i eksil,og Betel skal bli til inkjes.

6 Søk Herren, så skal de leva!Elles kjem han som eld over Josefs hus,han øyder,og det er ingen i Betel til å sløkkja.

Dom over stormenn

7 Dei gjer retten til malurtog kastar rettferda til jorda.

8 Han som skapte Sjustjerna og Orion,han som gjer dødsskugge om til morgonog dagen til svarte natt,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.

9 Han som lèt øyding lyna over borga;øyding kjem over festninga.

10 Dei hatar den som hevdar retten i porten,og avskyr den som talar sant.

11 De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor:De har bygd hus av hoggen stein,men skal ikkje få bu i dei.De har planta herlege vinmarker,men får ikkje drikka vinen.

12 For eg kjenner til dykkar mange brotog dei tallause syndene dykkar,de som forfølgjer rettferdige,tek stikkpengarog driv fattige vekk frå porten.

13 Difor teier den kloke i denne tida,for det er ei vond tid.

Søk det gode

14 Søk det gode og ikkje det vonde,så de får leva!Då skal Herren, allhærs Gud,vera med dykk, som de seier.

15 Hat det vonde og elsk det gode,hald retten høgt i porten!Så vil kanskje Herren, allhærs Gud,vera nådig mot resten av Josef.

16 Difor, så seier Herren,allhærs Gud, Herren:På alle torg skal det vera klage,i alle gater skal dei ropa: «Ve, ve!»Dei skal kalla på bonden til sorgog på folk som kan gråta, til klage.

17 På alle vinmarker blir det klagenår eg går fram mellom dykk,seier Herren.

Herrens dag

18 Ve dykk som lengtar etter Herrens dag!Kva vil de med Herrens dag?Han er mørker og ikkje lys.

19 Han er lik ein mannsom rømmer frå løva og møter bjørnen.Og når han kjem heim og støttar handa til veggen,bit ormen han.

20 Ja, mørk er Herrens dag og ikkje lys,dyster og utan lysskin.

21 Eg foraktar, ja, hatar festane dykkar,høgtidssamlingane held eg ikkje ut.

22 For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer,vil eg ikkje ha dei.Og fredsoffera dykkar med gjøkalvkjøtvil eg ikkje sjå.

23 Fri meg frå dei ståkande songane dine,eg vil ikkje høyra på harpespel!

24 Lat rett vella fram som vatnog rettferd lik bekker som alltid strøymer.

25 Bar de fram for meg slaktoffer og grødeofferdei førti åra i ørkenen, Israels hus?

26 Og bar de på Sakkut, kongen dykkar,og Kevan, gudestjerna,bileta som de har laga?

27 Eg fører dykk i eksil bortanfor Damaskus,seier Herren. Allhærs Gud er namnet hans.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9