11 Eg lét nokre av sønene dykkar stå fram som profetarog nokre unge menn som nasirearar.Er det ikkje slik, israelittar?seier Herren.
12 Men de skjenkte nasirearane vinog baud profetane: Tal ikkje profetord!
13 Sjå, eg lèt grunnen skaka under dykksom under ei vogn full av korn.
14 Den raske er ikkje i stand til å flykta,den sterke kan ikkje bruka si kraft,og helten bergar ikkje livet.
15 Bogeskyttaren held ikkje stand,den som er lett på foten, kjem seg ikkje unna,og ryttaren bergar ikkje livet.
16 Den djervaste heltenskal rømma naken den dagen,seier Herren.