3 Eg ryddar ut dommaren derog drep stormennene med,seier Herren.
4 Så seier Herren:Tre ugjerningar av Juda, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei forakta Herrens lov,dei heldt ikkje hans forskrifter.Løgner førte dei vill,løgner som fedrane følgde.
5 Eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene i Jerusalem.
6 Så seier Herren:Tre ugjerningar av Israel, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei sel den rettferdige for pengar,den fattige for eit par sandalar.
7 Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvetog trengjer hjelpelause bort frå vegen.Ein mann og far hans går til same jentaså mitt heilage namn blir vanhelga.
8 Dei breier seg på pantsette kledeattmed kvart altar.Vin teken i bøterdrikk dei i huset til sin Gud.
9 Men det var egsom rydda ut amorittane for dei,dei som var høge som sedrarog sterke som eiker.Eg øydela frukta oppeog røtene nede.