10 Dei veit ikkje å gjera det rette,seier Herren.Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.
11 Difor seier Herren Gud:Fienden skal omringa landet,riva ned festninga di,borgene skal plyndrast.
12 Så seier Herren:Som gjetaren bergarto leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet,slik skal israelittane bergast,dei som sit i sofahjørne i Samariaog på divanar i Damaskus.
13 Høyr og ver vitne mot Jakobs hus!seier Herren Gud, allhærs Gud.
14 Ja, den dagen eg straffar Israelfor syndene deira,lèt eg straffa råka altara i Betel.Altarhorna blir hogne avog fell til jorda.
15 Då knuser eg både vinterhus og sommarhus.Elfenbeinshus skal gå til grunneog store bygningar siga i røys,seier Herren.