1 Høyr dette ordet,de Basan-kyr på Samaria-fjellet,de som undertrykkjer småkårsfolkog knuser fattige,de som seier til mennene dykkar:«Hent noko å drikka!»
2 Herren Gud har svore ved sin heilagdom:Sjå, dagar skal koma over dykkdå de skal slepast bort med hakarog dei siste av dykk med fiskekrokar.
3 Gjennom rivner i murane skal de gå ut,kvinne etter kvinne.De skal drivast bort til Hermon,seier Herren.
4 Far til Betel og synd,til Gilgal og synd til gagns!Kom med slaktoffer om morgonenog tiend den tredje dagen!