2 Herren Gud har svore ved sin heilagdom:Sjå, dagar skal koma over dykkdå de skal slepast bort med hakarog dei siste av dykk med fiskekrokar.
3 Gjennom rivner i murane skal de gå ut,kvinne etter kvinne.De skal drivast bort til Hermon,seier Herren.
4 Far til Betel og synd,til Gilgal og synd til gagns!Kom med slaktoffer om morgonenog tiend den tredje dagen!
5 Brenn takkoffer av syra brød,rop ut frivillig offer, lat det høyrast!For det er slik de likar å ha det, israelittar,seier Herren Gud.
6 Eg lét dykk vera utan mat i munnen i alle byarog utan brød alle stader.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.
7 Eg heldt regnet tilbake for dykkdå det endå var tre månader til hausten.Eg lét det regna over éin by,men over ein annan lét eg det ikkje regna.Eitt jordstykke fekk regn,eit anna fekk ikkje regn og tørka ut.
8 Både to og tre byar raga av stadtil ein og same by for å drikka vatn,utan å få sløkt tørsten.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.