9 Eg slo dykk med kornsot og svartrust.Grashopper åt oppdei mange hagane og vinmarkene dykkar,fikentrea og oliventrea.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.
10 Eg sende pest mot dykk som eg gjorde mot Egypt.Eg drap dei unge mennene med sverd.Hestane gav eg til hærfang.Eg lét stanken frå dykkar eigen leirstiga opp i nasen på dykk.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.
11 Eg øydela dykkslik Gud la Sodoma og Gomorra øyde.De var som ei utbrend vedskie, raka ut av elden.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.
12 Difor vil eg gjera slik mot deg, Israel!Og fordi eg vil gjera dette med deg,må du bu deg på å møta din Gud, Israel!
13 For sjå, han som formar fjella og skaper vinden,han som fortel mennesket kva det tenkjer,han som skaper morgonròde og mørkerog fer fram over høgdene på jorda, Herren, allhærs Gud, er namnet hans.