11 De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor:De har bygd hus av hoggen stein,men skal ikkje få bu i dei.De har planta herlege vinmarker,men får ikkje drikka vinen.
12 For eg kjenner til dykkar mange brotog dei tallause syndene dykkar,de som forfølgjer rettferdige,tek stikkpengarog driv fattige vekk frå porten.
13 Difor teier den kloke i denne tida,for det er ei vond tid.
14 Søk det gode og ikkje det vonde,så de får leva!Då skal Herren, allhærs Gud,vera med dykk, som de seier.
15 Hat det vonde og elsk det gode,hald retten høgt i porten!Så vil kanskje Herren, allhærs Gud,vera nådig mot resten av Josef.
16 Difor, så seier Herren,allhærs Gud, Herren:På alle torg skal det vera klage,i alle gater skal dei ropa: «Ve, ve!»Dei skal kalla på bonden til sorgog på folk som kan gråta, til klage.
17 På alle vinmarker blir det klagenår eg går fram mellom dykk,seier Herren.