5 Søk ikkje til Betel,gå ikkje til Gilgal,far ikkje til Beer-Sjeba.For Gilgal skal drivast i eksil,og Betel skal bli til inkjes.
6 Søk Herren, så skal de leva!Elles kjem han som eld over Josefs hus,han øyder,og det er ingen i Betel til å sløkkja.
7 Dei gjer retten til malurtog kastar rettferda til jorda.
8 Han som skapte Sjustjerna og Orion,han som gjer dødsskugge om til morgonog dagen til svarte natt,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.
9 Han som lèt øyding lyna over borga;øyding kjem over festninga.
10 Dei hatar den som hevdar retten i porten,og avskyr den som talar sant.
11 De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor:De har bygd hus av hoggen stein,men skal ikkje få bu i dei.De har planta herlege vinmarker,men får ikkje drikka vinen.