7 Dei gjer retten til malurtog kastar rettferda til jorda.
8 Han som skapte Sjustjerna og Orion,han som gjer dødsskugge om til morgonog dagen til svarte natt,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.
9 Han som lèt øyding lyna over borga;øyding kjem over festninga.
10 Dei hatar den som hevdar retten i porten,og avskyr den som talar sant.
11 De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor:De har bygd hus av hoggen stein,men skal ikkje få bu i dei.De har planta herlege vinmarker,men får ikkje drikka vinen.
12 For eg kjenner til dykkar mange brotog dei tallause syndene dykkar,de som forfølgjer rettferdige,tek stikkpengarog driv fattige vekk frå porten.
13 Difor teier den kloke i denne tida,for det er ei vond tid.