1 Dette viste Herren Gud meg:Sjå, ei korg med mogen frukt.
2 Han sa: «Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Ei korg med mogen frukt.»Då sa Herren til meg:«Enden er komen for mitt folk Israel,eg vil ikkje lenger bera over med det.
3 Songarinnene på slottetskal jamra den dagen,seier Herren Gud.Lik i mengd ligg slengde overalt. Hysj!»
4 Høyr dette, de som trakkar fattige nedog gjer ende på dei hjelpelause i landet!
5 De seier: «Når er nymånefesten over,så vi kan selja korn,og sabbaten til ende,så vi kan opna kornsalet?Då gjer vi målet for liteog prisen for høgog fuskar med falske vekter.