1 Eg såg Herren stå på altaret.Han sa: Slå til søylehovudaså dørstokkane skjelv,knus dei så dei felli hovudet på dei alle!Dei som måtte bli att, vil eg drepa med sverd.Ingen av dei skal kunna rømma,ingen skal berga seg.
2 Om dei grev seg ned i dødsriket,skal handa mi henta dei opp.Om dei stig opp til himmelen,skal eg støyta dei ned.
3 Om dei gøymer seg på Karmels topp,skal eg finna dei og henta dei ned.Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn,byd eg ormen bita dei.
4 Om dei må gå som fangar framfor fiendane sine,byd eg sverdet drepa dei.Eg retter auga mot deitil det vonde og ikkje til det gode.
5 Herren, allhærs Gud,rører ved jorda, og ho skjelv.Alle som bur der, sørgjer.Heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.
6 Han som har bygd sine høge salar i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.