7 For meg, israelittar, er de som kusjittane,seier Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistrane frå Kaftorog aramearane frå Kir.
8 Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:No vil eg sletta det ut frå jorda.Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,seier Herren.
9 For sjå, eg gjev påbod,og eg rister Israels hus mellom alle folkeslagasom når ein rister i ei siktog ikkje eit sandkorn fell til jorda.
10 For sverdet skal dei døy,alle syndarane i folket mitt,dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,det råkar ikkje oss.»
11 Den dagen reiser eg opp attDavids falne hytte.Rivnene murar eg att,og det som ligg i røys, reiser eg opp att.Eg byggjer henne som i gamle dagar,
12 så dei kan ta resten av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom namnet mitt er nemnt over,seier Herren, som gjer dette.
13 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då den som pløyer, tek att den som haustar,og den som trakkar druer, tek att den som sår.Druesaft skal drypa frå fjellaog fløyma frå alle høgder.