1 Det budde ein mann i landet Us. Job var namnet hans. Han var ein from og rettskaffen mann som frykta Gud og heldt seg borte frå alt vondt.
2 Han fekk sju søner og tre døtrer.
3 Han hadde ein buskap på sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Mange tenarar hadde han òg. Denne mannen var den største blant folka i aust.
4 Sønene til Job brukte å festa hos kvarandre på omgang. Dei inviterte dei tre systrene sine til å eta og drikka saman med dei.
5 Når dagane med festing var over, sende Job bod for å helga dei. Han stod tidleg opp om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild. For, som Job sa: «Kanskje har borna mine synda og spotta Gud i sitt hjarte.» Slik gjorde Job alltid.
6 Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var også Klagaren.
7 Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» og han svara: «Eg har streifa omkring på jorda.»