Job 7 N11NN

Er eg eit sjøuhyre?

1 Har ikkje mennesket ein strid på jorda,eit liv som dagane til ein leigekar?

2 Han liknar ein tenar som stønnar etter skugge,ein dagarbeidar som ventar på løn.

3 Månader i det tomme vart min lott,netter med liding min lagnad.

4 Så snart eg legg meg, spør eg:«Når kan eg stå opp?»Natta blir lang,til det lysnar, er eg full av uro.

5 Kroppen er dekt med makk og sårskorper.Støvet gror fast i huda, og det verkjer.

6 Dagane går fortare enn ein vevskyttel,dei går til ende utan håp.

7 Hugs at livet mitt er ein pust!Aldri meir får eg sjå lukke.

8 Auget som vaktar meg, ser meg ikkje lenger.Retter du auga mot meg, er eg der ikkje.

9 Ei sky løyser seg opp og kverv,og den som fer ned til dødsriket, stig aldri opp.

10 Han kjem aldri att til sitt hus,heimstaden kjenner han ikkje.

11 Så legg eg heller ikkje band på min munn.Eg vil tala med angst i anden,klaga i bitter sjelekval.

12 Er eg eit hav eller eit sjøuhyresidan du set vakt over meg?

13 Eg seier: «Leiet får vera mi trøyst,lat senga bera mi klage.»

14 Då skremmer du meg med draumar,med syn gjer du meg redd.

15 Aller helst vil eg kvelast.Heller døden enn denne kroppen!

16 Eg vil ikkje, vil ikkje leva for alltid!Lat meg vera! Dagane mine er forgjengelege.

17 Kva er eit menneske sidan du aktar det så høgtog bryr deg så mykje om det?

18 Du granskar det kvar morgon,prøver det kvar stund.

19 Kvifor vender du ikkje auga dine frå megog gjev meg ro til å svelgja spyttet?

20 Om eg syndar, kva gjer det deg, du som vaktar mennesket?Kvifor gjer du meg til skyteskive?Har eg vorte ei bør for deg?

21 Kvifor tilgjev du ikkje mi syndog ber over med mi skuld?No må eg leggja meg i støvet;leitar du etter meg, er eg ikkje meir.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42