Job 29 N11NN

Andre talerunden

Job: Eg gjekk gjennom mørkret i hans lys

1 Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2 Kunne eg få det som i farne månader,dei dagane då Gud vakta over meg,

3 då hans lampe skein over hovudet mittog eg gjekk gjennom mørkret i hans lys,

4 slik eg hadde det i mine velmaktsdagardå Gud var min fortrulege i mitt telt,

5 då Den veldige framleis var med megog borna mine var rundt meg,

6 då eg vassa i rømmeog bekker av olje rann frå berget hos meg.

7 Når eg gjekk ut til byportenog tok sete på torget,

8 trekte dei unge seg tilbake så snart dei såg meg,og dei gamle reiste seg og stod.

9 Hovdingar heldt orda attende,la handa over munnen.

10 Stormenns røyster tagna,tunga klistra seg til ganen.

11 Når dei fekk høyra om meg, prisa dei meg lukkeleg.Kvar den som såg meg, tala lovord.

12 For eg redda den fattige som ropa om hjelp,den farlause som ingen hjelpar hadde.

13 Den forkomne velsigna meg,eg fekk enkjers hjarte til å jubla.

14 Rettferd var kleda eg kledde meg i,rettsinn var som kappe og turban.

15 Eg var auge for den blindeog føter for den lamme.

16 Eg var far for dei fattigeog granska saka for dei eg ikkje kjende.

17 Eg knuste kjeven på dei som gjorde urett,og redda rovet ut av gapet på dei.

18 Eg sa: «Eg får døy blant mine eigne,dagane mine blir talrike som sandkorn.

19 Røtene mine når til vatnet,og nattedogg kviler i greinene.

20 Mi ære blir stadig fornya,og bogen i handa mi får ny spenst.»

21 Dei lytta til meg og fekk håp,dei tagde når eg gav dei råd.

22 Når eg hadde tala, tok ingen til motmæle;orda mine draup ned over dei.

23 Dei venta på min tale som på regn,med munnen open som mot vårregn.

24 Når eg smilte til dei, kunne dei ikkje tru det.Dei ville ikkje sleppa lyset frå andletet mitt.

25 Eg valde veg for dei og sat som leiar,trona som ein konge framfor hærflokken,som ein trøystar for dei sørgjande.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42