Job 27 N11NN

Job: Eg held fast på mi rettferd

1 Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2 Så sant Gud lever, han som nektar meg retten,Den veldige, han som gjer meg bitter:

3 Så lenge det er livsande i meg,pust frå Gud i nasen min,

4 skal leppene mine ikkje tala urettog tunga ikkje bera fram svik.

5 Fri meg frå å gje dykk rett!Eg er uskuldig, det står eg ved til eg døyr.

6 Eg held på mi rettferd og slepper ikkje,hjartet fordømmer ingen av dagane mine.

7 Lat fienden min stå som skuldig,motstandaren som urettferdig!

8 Kva håp har den ugudelege av det han har vunne,når Gud gjer ende på livet hans?

9 Høyrer Gud klageropa hansnår trengsler kjem over han?

10 Har han si glede i Den veldige?Ropar han seint og tidleg på Gud?

11 Eg vil læra dykk om Guds handog ikkje skjula kva Den veldige har tenkt.

12 De har då sett det, alle saman,så kvifor dette tomme snakket?

13 Slik er den delen ein lovlaus får av Gud,den arven valdsmannen får frå Den veldige:

14 Har han mange born, fell dei for sverd,etterkomarane får ikkje metta seg med brød.

15 Dei som overlever, går i død og grav,og inga enkje held sørgjehøgtid.

16 Han haugar opp sølv som støvog samlar seg klede som leire;

17 han samlar, men rettferdige kler seg,uskuldige deler sølvet.

18 Det huset han byggjer, er som ein møll,som lauvhytta vaktmannen lagar.

19 Han legg seg rik, men det varer ikkje:Han slår auga opp, og alt er borte.

20 Redsler når han att som ein vassflaum,om natta fører stormen han vekk.

21 Austavinden lyfter han og fører han bort,sopar han av stad,

22 kastar seg over han utan skånselog er så sterk at han må rømma.

23 Vinden slår hendene samanog plystrar han hånleg bort frå hans stad.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42