Job 38 N11NN

Herren: Spenn beltet om deg

1 Då svara Herren Job ut av stormen og sa:

2 Kven er dette som formørkjer min planmed uforstandige ord?

3 Spenn beltet om livet som ein mann,så vil eg spørja deg, og du skal svara:

4 Kvar var du då eg grunnla jorda?Fortel det, om du veit det!

5 Kven har fastsett hennar mål– det veit du vel?Kven drog målesnora over henne?

6 Kvar vart pilarane under jorda slegne ned,og kven la hjørnesteinen

7 medan alle morgonstjerner jublaog alle gudesøner ropa av fryd?

8 Kven stengde for havet med portardå det fossa fram frå morslivet,

9 då eg kledde havet med skyerog sveipte det i skodde,

10 då eg sette grense for det,stengde med slå for porten?

11 Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger.Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»

12 Har du nokon gong kalla morgonen frameller vist morgonròden staden hans

13 så han kan ta tak i endane av jordaog rista dei lovlause bort?

14 Då blir jorda omforma som leire under eit stempel,alt står fram som i ny drakt.

15 Dei urettferdige mistar det lyset dei hadde.Armen dei lyfte, blir knust.

16 Har du nådd fram til havsens kjelder?Har du gått rundt på botnen av urdjupet?

17 Har dødens portar synt seg for deg,har du sett dødsskuggens dører?

18 Forstår du viddene på jorda?Sei frå om du kjenner alt dette.

19 Kvar går vegen til bustaden for lyset,og kvar held mørkret til?

20 Du kan føra mørkret til landet der det bur,om du kjenner stigane dit!

21 Du veit det, for du var vel fødd den gongen!Ja, dine dagars tal er stort.

22 Har du nådd fram dit snøen har sitt kammer,og sett lageret med hagl

23 som eg sparer til trengselstider,til dagen med kamp og krig?

24 Kvar går vegen dit lyset deler segog austavinden blæs ut over jorda?

25 Kven laga laup for styrtregnet,veg for tore og brak,

26 så det regna over land der ingen bur,i ørkenen der det ikkje er menneske?

27 Regnet metta det aude landetså graset grodde grønt.

28 Har regnet ein far?Kven har avla doggdropane?

29 Kva for eit morsliv kjem isen frå?Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?

30 Vatnet kler seg ut som stein,overflata av djupet blir dekt av is.

31 Kan du knyta Sjustjerne-bandeteller løysa Orions lenkjer?

32 Fører du stjernebileta fram i rett tid,leier du Store bjørn og dei små bjørnane?

33 Kjenner du himmelens lover?Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?

34 Kan du lyfta røysta di til skyeneslik at vatnet fløymer ned over deg?

35 Kan du senda ut lyn så dei fer av stadog seier til deg: «Her er vi»?

36 Kven gjev visdom til ibisfuglenog forstand til hanen?

37 Kven er så vis at han kan telja skyene?Kven heller vatn or himmelkrukkene

38 når molda storknar som malmog jordklumpane klistrar seg saman?

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42