1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2 Gud har velde og valdar redsle,han skaper fred i sin høge himmel.
3 Kan nokon telja hans hærflokkar?Går ikkje hans lys opp over alle?
4 Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein?
5 Sjølv månen skin ikkje klårt,stjernene er ikkje reine i hans auge.
6 Langt mindre menneskekrypet,mennesket – denne makken.