12 Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, alt han eig, er i di makt, men han sjølv får du ikkje leggja hand på!» Så gjekk Klagaren bort frå Herren.
13 Ein dag sat sønene og døtrene til Job og åt og drakk vin heime hos den eldste broren.
14 Då kom ein bodberar til Job og sa: «Medan oksane gjekk for plogen og eselhoppene beitte like ved,
15 overfall sabearane oss og tok dyra. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»
16 Medan han enno tala, kom ein annan og sa: «Ein Guds eld fall frå himmelen. Elden råka sauene og tenarane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»
17 Medan han enno tala, kom ein tredje og sa: «Kaldearane kom, delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»
18 Medan han enno tala, kom endå ein og sa: «Sønene og døtrene dine åt og drakk vin heime hos den eldste broren.