4 Sønene til Job brukte å festa hos kvarandre på omgang. Dei inviterte dei tre systrene sine til å eta og drikka saman med dei.
5 Når dagane med festing var over, sende Job bod for å helga dei. Han stod tidleg opp om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild. For, som Job sa: «Kanskje har borna mine synda og spotta Gud i sitt hjarte.» Slik gjorde Job alltid.
6 Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var også Klagaren.
7 Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» og han svara: «Eg har streifa omkring på jorda.»
8 Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.»
9 Men Klagaren svara: «Det er vel ikkje utan grunn at Job fryktar Gud?
10 Har du ikkje på alle vis verna om han og huset hans og alt han eig? Hans henders arbeid velsignar du, og buskapen hans breier seg i landet.