8 Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.»
9 Men Klagaren svara: «Det er vel ikkje utan grunn at Job fryktar Gud?
10 Har du ikkje på alle vis verna om han og huset hans og alt han eig? Hans henders arbeid velsignar du, og buskapen hans breier seg i landet.
11 Men rett berre handa ut og rør ved alt som er hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.»
12 Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, alt han eig, er i di makt, men han sjølv får du ikkje leggja hand på!» Så gjekk Klagaren bort frå Herren.
13 Ein dag sat sønene og døtrene til Job og åt og drakk vin heime hos den eldste broren.
14 Då kom ein bodberar til Job og sa: «Medan oksane gjekk for plogen og eselhoppene beitte like ved,