10 Du helte meg opp som mjølkog lét meg storkna som ost.
11 Du kledde meg med hud og kjøt,med knoklar og sener vov du meg.
12 Du gav meg liv og alt som godt er,du verna og vakta mi livskraft.
13 Men dette gøymde du i hjartet,dette veit eg du hadde i tankar:
14 Om eg syndar, vaktar du på megog vil ikkje frikjenna meg for skuld.
15 Er eg skuldig, så ve meg!Og sjølv om eg har rett, kan eg ikkje lyfta hovudet;eg er mett av skam og har nok av naud.
16 Står eg likevel oppreist, jagar du meg som ei løve,igjen og igjen gjer du underlege ting mot meg.