11 Han kjenner løgnarane.Kan han vel sjå urett utan å leggja merke til det?
12 Kan ein tomskalle få forstand?Kan eit villesel fødast som menneske?
13 Om ditt hjarte er fast,så brei hendene ut mot han.
14 Om det er urett i di hand,så vis uretten bort;lat ikkje vondskap bu i dine telt.
15 Då kan du skuldfri lyfta hovudet,heilstøypt og utan frykt.
16 For du skal gløyma lidinga,minnast henne som vatn som rann forbi.
17 Då står livet høgare enn middagssola.Mørkret blir som ein morgon.